Det er ikkje nøytralt å kutte skulegudstenester

Det å avvise religionen sin plass i samfunnet er også eit aktivt og radikalt verdival.

Publisert i Aftenposten 8. november 2016

Eg har aldri forstått kva som er så farleg med skulegudstenester. Tenk å bli utsett for litt nestekjærleik og preik om fred på jorda. 

Likevel har rektorane i Voss kommune bestemt at alle elevane skal haldast unna skulegudstenestene fordi dei «ikke ønsker at spørsmålet om julegudstjeneste skal splitte skoler, elever og foreldre». 

Det å ikkje avholde skulegudstenester skal visstnok vere så samlande.

Motstanden mot skulegudstenester bygger på ein tanke om at det fins noko nøytralt. Ved å avvise skuldegudstenester så er vi visst liksom tilbake på nøytral grunn, der alle er einige med kvarandre. 

Det er visst meir nøytralt å seie nei til skulegudstenester enn å sei ja. Men stemmer dette? Er ikkje nettopp det å avvise religionen sin plass i samfunnet også eit aktivt og radikalt verdival? 

Det er i alle fall ikkje nøytralt.

Feil veg å gå

Vi er kanskje ikkje klar over det, alle oss som bur i dette samfunnet, men: Alle har eit livssyn. Ingen av oss er nøytrale. 

Vi har religiøse livssyn, og vi har ikkje-religiøse livssyn, og så har vi alle nyansane mellom desse. Å seie nei til skulegudstenester er å seie ja til ein skule der det ikkje er plass til religiøse livssyn i skuletida. 

Eg trur dette er heilt feil strategi i eit livssynsope samfunn.

Alle har eit livssyn. Ingen av oss er nøytrale. 

Eg trur derimot at religion og tru bør ufarleggjerast og normaliserast. Det er berre slik vi menneske kan forstå kvarandre si tru og livssyn i eit samfunn der det blir stadig vanlegare med fleire religionar og fleire livssyn. 

Å fjerne skulegudstenestene vil i så fall vere fleire steg i feil retning.

Risiko for å forstå kvarandre

Human-Etisk Forbund skyv muslimar og våre nye landsmenn framfor seg når dei argumenterer mot skulegudstenester, men då syns eg vi skal lytte til Ayesha Wolasmal som nyleg sa: «Sånne som meg kan jo få fritak, men jeg gledet meg til skolegudstjeneste. Jeg synes det var så hyggelig, fordi det var den eneste julefeiringen man ble inkludert i. For ellers er jo hele Norge stengt under julen». 

Mange andre muslimar seier det same. Eg har faktisk til gode å møte ein muslim som vil skulegudstenestene til livs.

Sjølvsagt skal det vere gode, likeverdige opplegg til elevane som ikkje ønsker å delta på skulegudsteneste. Ingen skal oppleve seg ekskludert. 

Men vi bør ikkje vere så livredde for å for å legge til rette for det livssynsopne samfunnet og meir interreligiøs dialog. 

Her er skulegudsteneste og markering av høgtider viktige bidrag.

Vi kunne jo risikere at vi ved å arrangere og delta på skulegudstenestene enda opp med å forstå kvarandre på eit litt djupare plan.

 

 

Powered by Cornerstone